Sider

lørdag 27. juni 2015

Viss ein ikkje forstår det...

... så forstår ein det ikkje. Ikkje alle skjønnar dette med Marka24. Det skjønnar eg godt, og det er sjølvsagt heilt greitt. Eg derimot, eg la i veg, i år igjen!

Av ein eller annen grunn tok eg få (rettare sagt; dårlege) bilder i år. Eg, få bilder!? Kva skjer? Jaja, litt fekk eg no dokumentert.

Kva får vere med?

Garmin fenix 2 er klar!

Oppkarbing? Vel, er vel egentleg ikkje nødvendig for meg, men pyttsann 😉

Mmmmmm, herremåltid dagen før!

Klar! Med toe-kini, gnagsårsokk og tape.

Lag 316 klar til start!

På veg til post 1 var vi plutseleg komne lenger enn tenkt... Vi bestemte oss for å gå rett på vår post nr. 2 og heller ta post 1 på vegen tilbake. Surt ja, men det er slike avgjerder ein må ta på Marka24... Det er ein del av gamet.

Post 1: Kamphaug, kl. 14.59.

Post 2: Helvete (ja, passande namn på ein Marka24-post!), kl. 16.07.

Post 3: Øyungen syd, kl. 17.54. Her vart det skoskift for min del. Det var lurt! Dei andre åra har eg ikkje skifta sko i tide, og har måtte lide for det. Å byte sko i tide var rett og slett himmelsk!

Post 4: Tømtehyttene, kl. 20.22.

Post 5: Gørja, kl. 22.23.

Ved Gørja vart det middag, litt avslapping og klesskift.

Idyllisk, god temperatur og flott! Hadde det ikkje vore for all den j$%#^ myggen!


Insomnia... Typisk meg det då...

"Morgonstemning" kl. 1.30. I år vart det lenger pause enn vi har hatt dei andre åra, men det var kanskje verdt det 😊

På veg mot Kikut.

Ein do-pitstop ved Kikut.

Post 6: Kikuttoppen, kl. 4.34. Opp her fekk vi smake på at Nordmarka ikkje er flat!

Omtrent her kom antydning til kvalmen min sigande. Fram til no hadde årets Marka24 gått over all forventning for min del! Og berre det å få i seg mat heile vegen, og ikkje vere kvalm då middagen skulle inntakast, var supert! Så fekk det no vere at eg no kjende at kroppen klaga litt.

Post 7: Middagskollen, kl. 6.39. Her vart vi møtt med "så blide dere var da!". Ja, sjølvsagt, kvifor ikkje? 😃

Men så sank vel mitt humør gradvis etter det... Trykk under føtene vart verkeleg merkbart etterkvart, og eg måtte tidvis holde munn berre for å ikkje spy. Men ferda gjekk vidare!

Post 8: Kobberhaughytta, kl. 7.59.

Herifrå til neste post gjekk eg vel meir eller mindre berre på staheit. Eg prøvde å byte sko igjen, men det vart langt frå nokon suksess denne gongen.


Post 9: Studenterhytta, kl. 8.59. Vi vart samde om at dersom vi skulle innom siste post (som egentleg skulle ha vore vår første post) ville vi ha kome i mål etter tidsfristen, og tapt meir poeng enn posten ville gje oss. Her var det berre å innsjå at det berre var å kome seg i mål! Skjennungstua var nok ikkje meint for oss i år...

Men "berre i mål" frå Studenterhytta til Sognsvann er ikkje "berre, berre". Det er faktisk 12 km! Tolv ubehagelege, magekrampande og kvalme kilometer! Mellom sure gulp og stopp for å vri seg under magekrampene, prøvde vi å holde eit godt tempo. Den mest langbeinte (den einaste langbeinte) av oss langa ut, og ville ikkje vere med på same nederlag som vi to andre opplevde i fjor, nemleg saftig poengtrekk p.g.a. for seint i mål. Eg såg på klokka og visste vi ville ha god margin, men fann det best å ikkje nemne noko om det, og heller prøve å henge på. Egentleg er det fint med ein som kan drage når forma er heller begredeleg (sjølv om det ikkje var så kjekt å prøve å springe etter akkurat der og då 😉 ). Etter ein nødvendig dostopp på Ullevålseter gjekk det i eit forrykande tempo mot mål (vel, forrykande er vel å ta i, men for å vere siste etappen på eit 24timersløp, så var det ikkje så verst 😉).

Vi kom i mål ein halvtime før fristen, og bortsett frå at det kun var t-skjorte i small igjen, og vi ikkje fekk dusje på idrettshøgskulen slik som i fjor, så var det jo supert å kome fram etter 75 km!

Heldigvis kom ein reddande engel og henta oss, fiksa dusj til oss, fekk plassert oss på McDonalds OG køyrt oss til flyplassen. Amen!

Kroppen takla slitet bra i år (bortsett frå obligatorisk trykk under føtene og så kvalme då...), gnagsåra vart minimale (takk og pris for toe-kini og gnagsårsokk!) og ingen musklar klaga verken under eller etter. Eg er heldig som kan behandle meg sjølv sånn i 24 timar og likevel vere heilt tipptopp etterpå! Og det er supert å kunne slite i 24 timar saman med folk som alltid held humøret oppe og som er omtrent like crazy som ein sjølv 😉


No er sekken tømt og siste rest av marka er spylt vekk. Så då er det berre å pakke til neste eventyr!

tirsdag 7. april 2015

Påskeeventyr

Planane om kajakktur i påska vart lagt på is (nesten bokstavleg talt), men det vart no ei flott påske likevel!

Klar for å finne hytta!

Hytta... Nedi der ein plass...


Vi fann, vi fann!

Påskejoggetur! 


Påskeegg må ein ha! 

Påskeskogstur.




Til fjells igjen.



Finn hytta, del to.


Her er hytta, etter nokre timar framgraving.



Påskepils med føtene på hyttetaket.

Påskemåne.




Påsketannpussutsikt.

Stenge igjen glasa igjen. Takk for no!